Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren inviterer til pressetreff om helsereformutval
Nyheit | Dato: 28.08.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa har varsla at ho vil starte arbeidet med ein større helsereform som skal bidra til ei heilskapleg og samanhengande helseteneste. Fredag blir det derfor sett ned eit helsereformutval. I den samanheng er helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre tilgjengeleg for intervju om utvalet og deira mandat fredag 29. august frå klokka 11.30.
Leiar for utvalet vil også vere tilgjengeleg for intervju.
Tid: Fredag 29. august, frå klokka 11.30
Stad: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9, Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Eva Hongshagen, mobil 976 50 454, e-post: evho@hod.dep.no